Til våre kundar,
Informasjon om prisjustering frå januar 2022.
Vedtak om innføring av Co2 avgift på forbrenning av avfall frå 1. januar 2022.
Stortingets vedtak om Co2 avgift på forbrenning av avfall fører til ein avgiftsauke pr tonn på
kr 106,-. Retura Nomil AS vidarefører avgifta i si heilheit til våre kundar på berørte avfallsfraksjonar.
Dette er ei offentleg avgift, og vil påverke alle næringskundar uavhengig av avfallsaktør.
Generell prisjustering
Retura Nomil AS ynskjer med dette å varsle om prisjustering frå 1. januar 2022. Grunnlaget for prisjusteringa er den generelle utviklinga i norsk økonomi, samt utvikling i den norske og internasjonale marknaden for resirkulerte råvarer som er blitt sterkt påverka gjennom pandemien. Prisar på avfallsfraksjonar og transport blir justert med 5,5% basert på SSB sine indeksar.
Rådgjeving
I løpet av året har mange av våre kundar kontakta oss for ein gjennomgang av sine avfallsløysingar. Med rådgjeving frå oss, har dei fått høgare sorteringsgrad og meir berekraftige avfallsløysingar.
Som kunde er du viktig for Retura Nomil AS, og vi svarar gjerne på spørsmål. Kontakt og gjerne på e- post post@returanomil.no eller på telefon 940 35 702.
Med helsing
Retura Nomil AS
Nils Rune Nesbakk
Marknadsansvarleg

